LysandeStemningar på GoogleEg har flytta tekstar og bilder på LysandeStemningar til ny plattform. Her er LysandeStemningar for ettertida. Sida er under utvikling, og er førebels litt uferdig, fordi eg ynskte å føreta flyttinga så fort som mogeleg. Og for ikkje å bli møtt av ei tom side på Origo, så er den nye adressa no offentleg. Eg vil rette ei stor takk til alle som har følgt sona på Origo. Spesielt Håkon, Einar Olav og Homa som har støtta meg heile tida. Som ivrig naturven er bodskapen min den same. Lysande Stemningar
Følges av 77 medlemmer.
Lysande Stemningar er ei personleg sone med eigne bilete frå fjord og fjell og litt anna. Som engasjert naturven ynskjer eg å vise nokre av desse i håp om at naturarven vår kan bli teken vare på for framtida. Komande generasjonar vil ha minst like mykje glede og behov for den frie natur som vi har. Bilete kan fortelje meir enn tusen ord. Men nokre leik med eigne ord tykkjer eg er gjevande. Når eg fram til ein eller to med min bodskap, gjer det meg glad. Takk for at du kikka innom! Det er alltid kjekt med ein kommentar… Og bli gjerne medlem. Helsing Gustav Lysande Stemningar er en sone på Origo. Les mer Annonse | ||